onsdag 1. august 2012

Thon Hotel Backlund, Levanger - juli 2012

Heia Trøndelag:
"Vyrde Redaktør
I virket som dorullbrettbidragsytar så har ein med tida innarbeida dempa forventningar til dorullbrettkvalitet ved hotellovernattingar i mindre byar og tettstadar. Psykologi er ikkje mitt fagfelt, men eg vil tru dette er ein forsvarsmekanisme mot den enorme skuffelsen det kan vere å bli møtt av ein sjuskete dorull på eit ellers flott hotell, noko som ein har kjensla av skjer oftare i mindre sentrale strøk. Bonusen med denne instillinga er at gleda blir enno større når fordommane blir gjort til skamme og hotellet faktisk leverer varene og vel så det, slik som Hotel Backlund gjer i dette tilfellet. Dette er ein fantastisk dorullbrett! Skarp og symmetrisk. Gløym bart og karsk, dette er Trøndelag på sitt beste!
Vennleg Helsing
Jostein"

Ja dette var virkelig flott! Og en herlig avslutning på en lang bloggeøkt med mange bidrag som har innkommet mens redaktøren var på ferie! Takk til Jostein for bidrag, veldig kjekt at hans jakt på gode bretter av og til når slike høydare som dette! Vel fortjent! (Også kjekt at Levanger nå en innført i dorullbrettmanntallet, og det med en skikkelig praktbrett!)

Ingen kommentarer: