Viser innlegg med etiketten Statistikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Statistikk. Vis alle innlegg

lørdag 30. mars 2019

Statistikk for dorullbrettbloggen pr 2018

Vår gode bidragsyter Jostein er også en kløpper med statistikk, og han har på ny laget masse nyttig tallmateriale for bloggen vår (forrige gang var i 2017).

Vi lar ham selv styre ordet:

"Først eit oversyn over innsatsen til dei 10 som har levert flest bidrag gjennom tidene. Her jobbast det jevnt over tid, slikt må det bli resultat av.


Så over til noko som eg er litt opptatt av, nemlig dekningsgraden i norske kommuner, og i land i verda. I dette innlegget for 7 år sidan gav eg eit grafisk oversyn over kvar hen i landet, og i verda for øvrig, det har blitt levert dorullbrettbilete frå. 

Ser ein på dei oppdaterte figurane nedanfor så kan ein spore ein viss framgang desse åra, spesielt på norgeskartet. Likevel, det er mange kvite flekkar påde på norges- og på verdskartet (det vil seie, på verdskartet er dei kvite flekkane grå ….). Skal ein klare å gjere noko med dette, så krevjast det planlegging. 

Eg gjeng ut får at mange er i ferd med å planlegge sommarferie no i desse dagar. Skulle nokon mangle inspirasjon til å tenke ut reisemål, så foreslår eg å kike på dei kvite (grå) flekkane på desse to karta. Eg forstår sjølvsagt at enkelte av dei grå flekkane ikkje er spesielt freistande for tida, så som Jemen, Syria, Nord-Korea m. fl. Men der er framleis rikeleg av forholdsvis trygge reisemål å velge mellom.





Til slutt, litt sjølvskryt. Eg har for eigen del vært ganske medviten med omsyn til kvite flekkar på norgeskartet dei siste åra, og når høvet byr seg så tilpassar eg gjerne reiseruta litt for å kunne bidra i dette kartleggingsarbeidet. Dette har gitt utslag på statistikken over antal kommuner introdusert pr bidragsytar. Dersom ein handfull av bidragsytarane har høve til å gjere det same, så fyller vi opp norgeskartet på nokre få år.


Vennleg Helsing
Jostein"

Tusen takk til Jostein for både mange bidrag, innsats for å innlemme flere kommuner og ikke minst denne fantastiske statistikken!! Vi bøyer vår hatt i støvet!!

mandag 25. juli 2016

Tronskifte og statistikk

Vår trofaste bidragsyter og statistiker Jostein har nok en gang forsynt oss med fin statistikk - her er oppdatert topp 10-statistikk. Beskjedent må redaktøren innrømme at han for første gang er på topp! (Men mistenker at Jon Henrik har noen bidrag på lur fra sommerens turer...).

Vi lar Jostein selv berette:

"Vyrde Redaktør,

Det har slett ikkje gått hus forbi at det nyleg har vært eit skifte i teten i dorullbrettbloggbidragsytaradelskalenderen. Sidan redaktøren sjølv kanskje er for beskjeden til å nemne dette sjølv, så nyttar eg høvet til å markere hendinga med oppdatert topp 10-statistikk. Her merkar ein seg også at bidragsytar Terje har seila inn på lista sidan sist. I tilleg har eg mora meg med å lage ei tidslinje over kven som har leia statistikken sidan bloggen blei starta. Det kan jo også vere moro å sjå på.

Vennleg Helsing
Jostein"


TUSEN TAKK TIL JOSTEIN!!!!

søndag 23. september 2012

A new king on the blogg!

Vår trofaste bidragsyter av både brett, kommentarer og statistikk har et betimelig innspill:
"Vyrde Redaktør,
Eg gjeng ut frå at eit samla dorullbrettforumbidragsytarmiljø har følgt med i andelaus spaning på Jon Henrik sine omfattande ekspedisjonar for å kartlegge dorullbrettar i England, USA og Australia/New Zealand  siste
året, og med eit slikt aktivitetsnivå var det jo berre eit spørsmål om tid før dette ville bringe denne bidragsytaren opp til topplasering i antal bidrag til forumet. Den vedlagte figuren viser tydelig den omfattande
innsatsen det siste året, med 144 brettebidrag på mindre enn eit år, og dermed første "tronskiftet" på statistikken på nær 5 år. Eg vonar redaktøren er samd med meg i at denne hendinga fortener ei markering på forumet.
Vennleg Helsing
Jostein"

Tiltredes!

mandag 25. juni 2012

Over 200 bidragsyta​rar, og statistikk i det høvet

Jostein er en bidragsyter til vårt univers med mange kvaliteter! Han begynner sine epost med "Vyrde redaktør", bare det er jo nok til å få umiddelbar godhet for ham, og i tillegg til å levere bidrag med utfyllende kommentarer har han også en formidlingsevne som gjør at selv redaktøren med sin såvidt-ståkarakter i statistikk og data-analyse fra BI skjønner utgreiingene hans!


Jostein holder rede på statistikk og sånn for forumet vårt, fullstendig frivillig og uoppfordret, og selvfølgelig - veldig velkomment! Her er hans nyeste bidrag:

"Over 200 bidragsyta​rar, og statistikk i det høvet

Vyrde Redaktør,

Ved årsskiftet foreslo eg å setje i gang ulike tiltak for å oppnå 100% dorullbrettrapporteringsdekning i alle norske kommuner og i alle land i verda noko raskare enn dei anslagsvis 30 åra det vil ta med dagens progresjon. Det første forslaget var målretta rekruttering av nye bidragsytarar. Forståeleg nok er dette eit forslag som ein ikke kan setje i verk ukritisk, då ein kan risikere å generere fleire nye bidrag enn det redaktøren maktar å handtere.

No har antalet dorullbrettbidragsytarar nyleg passert 200 (meir korrekt; antal "labels" eller merkelappar for bidragsytarar har passert 200, det reelle antalet personar involvert er truleg litt høgare i og med at merkelappar som t.d. "Lillian og André" ganske sikkert involverer to bidragsytarar, og merkelappar som t.d. "Latterlig-red." og "Hansen" også muligens kan involvere fleire enn ein bidragsytar), og i den anledning har eg gjort ein liten analyse av aktiviteten til bidragsytarmassen. Ein slik analyse vil venteleg vere til hjelp med å vurdere risikoen ved å setje i verk eventuelle rekrutteringstiltak.

Dersom ein ser på antal bidragsytarar som har kome til over tid, så kan ein plotte dette som vist på figuren under. Ein ser at den sterkaste veksten i antal bidragsytarar kom hausten 2007, men at det stort sett har vært eit jevnt tilsig av nye bidragsytarar. Det er aldri godt å vite kva som utløser ein auke i vekstraten av nye bidragsytarar, men eg har prøvd å identifisere hendingar som kan ha spelt inn. Vampus, som i si tid blei kåra til Norges beste blogg i Dagbladet (sjølvsagt før dorullbrettforumet blei oppretta), posta eit innlegg om dorullbrettforumet den 5. september 2007. Dette ser ut for å ha hatt ein klar effekt på antalet bidragsytarar. Vidare har forumet fått mediedekning i fleire omgangar, sikkert mange fleire enn dei eg har fått med meg, men i alle fall i Avisa Nordland i april 2008, Rogalands Avis i mai 2009 og TV Vest i november 2010. Desse oppslaga ser ut til å ha hatt liten innverknad på vekstraten.


Dersom alle desse bidragsytarane leverer brettebidrag jevnleg vil sjølvsagt antal innlegg på forumet auke tilsvarande. Men det er stor spreiing i kor mange bidrag dei ulike bidragsytarane leverer. Figuren nedanfor viser dette tydelig. Kvart datapunkt representerer ein bidragsytar, og figuren viser antal bidrag plotta mot datoen for første bidrag for den enkelte. Der er eit knippe bidragsytarar som leverer brettebidrag i gjennomsnitt kvar 11. - 14. dag (den raude linja indikerer hyppigaste bidragsfrekvens som pr. i dag er ca. 11 dagar 7 timar og 35 minutt mellom kvart bidrag), medan dei fleste leverer bidrag noko sjeldnare. Der er også ein andel bidragsytarar som nøyer seg med eitt enkelt bidrag.
 

Når ein ser på utviklinga i antal brettebidrag på forumet, så finn ein at det har vært ein forholdsvis beskjeden auke sidan 2009, sjå figuren nedanfor. Rett nok ligg utviklinga for 2012 hittil noko høgare enn åra 2009-2011, men denne skilnaden skuldast i hovudsak ein enkelt bidragsytar som er inne i ei særs aktiv periode. Derfor er det rimelig å påstå at mengda bidrag på forumet har vært nokonlunde konstant sidan 2009, trass i at antalet bidragsytarar er dobla sidan juni 2009.


I staden for å sjå på det totale antalet bidragsytarar er det minst like relevant å sjå på antalet aktive bidragsytarar. Det er rimelig å definere "aktiv bidragsytar" som nokon som har levert dorullbrett innanfor det siste året (i løpet av siste 365 dagar). Figuren nedanfor viser definerte tidsrom attende i tid, og kor mange bidragsytarar som har levert sitt hittil siste dorullbrettbidrag innanfor desse tidsroma. Ein ser då at det er omlag halvparten av bidragsytarane, 95 stykker, som har levert brettebidrag siste året, medan det er 106 stykker som ikkje har levert brettebidrag siste året. Med andre ord så er antalet aktive bidragsytarar no omlag det same som det totale antalet bidragsytarar i mai 2009. Dette ser ut for å vere grunnen til at antal dorullbrettbidrag har vært nærmast konstant dei siste tre åra trass i at det stadig kjem til fleire bidragsytarar.



Konklusjonane frå analysen er:
1 - Omtale i populære bloggar ser ut for å ha større verknad enn tradisjonell mediedekning på rekruttering til dorullbrettforumet
2 - Det er ikkje samsvar mellom antal bidragsytarar og antal blogginnlegg.
Dette skuldast i hovudsak at mange bidragsytarar er aktive berre ein avgrensa periode, eller at dei nøyer seg mer å levere eitt enkelt bidrag.


Vennleg Helsing
Jostein"


Tusen takk! Så får oppfordringen være - spre ordet om vårt forum!

torsdag 23. februar 2012

Statistikk i anledning 5-års jubileumet

Bidragsyteren følger mer med enn redaktøren, det er visst 5-års jubileum:
"Vyrde Redaktør,
I anledning 5-årsjubileumet for dorullbrettforumet så tillet eg meg å sende ein oppdatert versjon over topp 10-oversikta frå 16 månadar sidan. Sidan det er jevnt om 10.-plassen har det no blitt ei topp 11-oversikt.
Vonar det kan vere til inpirasjon for den vidare gjerninga.
Vennleg Helsing
Jostein"
Tusen takk til Jostein for at han følger med - og ikke minst oppdaterer oss med slikt som dette! Til inspirasjon - uten tvil!

søndag 1. januar 2012

Nyttårsforsett om flere brettebidrag!

Vi har fra vår trofaste bidragsyter og kommentator Jostein mottatt en flott nyttårsbrev, med utregninger, forsett og det hele. Vi gir ham ordet:

Vyrde Redaktør,


Det er snart nyttår, og på tide å tenke over kva for forsett ein skal sikte seg inn på i 2012.
Som ivrig dorullbrettbidragsytar finn eg det i så måte naturleg å reflektere litt over denne gjerninga.

Eg er usikker på om Redaktøren har uttrykt det i klartekst, men eg har oppfatta det slik at det er eit mål, eller i det minste eit ynskje, å hente inn dorullbrettbidrag frå
1 - alle kommuner i Norge
2 - alle land i verda.

Med dette i tankane har eg gjort ein analyse av situasjonen (i staden for å løyse kryssord, som eg sikkert heller burde gjort ....).
Ei kjapp opptelling viser at det hittil er 124 av 430 kommuner som er representert (29%), og 68 av 205 land (33%).
Dersom ein ser nærmare på kva for kommuner og land som er representert, kan ein teikne opp dette i kart som vist nedanfor.

I karta er det gjort ei grovinndeling etter antal dorullbrettbidrag pr kommune og land, der 1-9 brettar er angitt med grøn farge, 10-99 brettar er blå og 100 eller fleire er angitt med purpur.
Ein ser tydeleg at dorullbrettbidragsytarane frekventerer enkelte regionar hyppigare enn andre.




Dorullbrett-forumet har eksistert i snart 5 år.
Dersom ein ser på antal nye kommuner og land som kjem til over tid, ser ein at det er ein svakt avtakande trend trass i at antalet dorullbrettbidragsytarar aukar jevnt og trutt.



Dersom ein skal våge seg til å spå om kor lang tid det tek før alle dei kvite flekkane på kartet er utfylt, kan ein nytte regresjonsanalyse på desse datasetta.
Ei enkel kurvetilpasning antyder at 100% dekning av kommuner og land ligg omlag 30 år fram i tid.
(Det er antatt at utviklinga følger ein eksponentialfunksjon (antal) = (tid)n, og der eksponenten n er tilpassa slik at kurva stemmer nokonlunde med no-antalet)


Det er jo fint å ha noko å sysle med framover.
Men dersom ein ser for seg at ein ynskjer å bryte trenden og oppnå 100% dekning noko tidlegare, lyt ein gjere tiltak.

Eit slikt tiltak kan vere målretta rekruttering av nye dorullbrettbidragsytarar, sidan historikken viser at eksisterende bidragsytarar langt på veg opererer innanfor avgrensa regionar.
Ville det kanskje vere ein ide med eit misjonsbod frå Redaktøren?
("Gå difor ut og gjer alle folkeslag til dorullbrettbidragsytarar, med di de viser dei estetikken i Bretten og Venterullen og Den Heilage Oppfølgingsbretten, og lærer dei å rapportere alt det som rombeteninga har gitt dei.")
Noja, det var nok litt i drøyaste laget.

Eit anna tiltak kan vere omfattande samanslåing av kommuner og land.
Eg har forstått det slik at Redaktøren er aktiv i politikken, kanskje han kan trekke i nokre trådar her?

Eit tredje tiltak kunne kanskje vere å oppmode eksisterande bidragsytarar til å vere medvitne dekningsprosenten ved reiseplanlegginga framover.
Og her er det refleksjonane om nyttårsforsett kjem inn.

I dei 3,18 åra eg har bidratt til forumet har eg fått æra av å introdusere 4 kommuner og 3 land på dorullbrett-kartet, altså eit snitt på 2,2 introduksjonar pr år.
Det kan vere interessant å skule til korleis øvrige flittige bidragsytarar opererer.
I søylediagrammet nedanfor er det lista opp kven som har bidratt med 3 eller fleire introduksjonar av land eller kommuner.
Vidare er prosentandelen bidrag frå den enkelte som er introduksjonar angitt med gule trekantar, prosentandelen lesast av på den høgre ordinataksen.
Ein ser då at for min eigen del så ligg andelen introduksjonar noko lavt i forhold til fleirtalet av dei flittigaste bidragsytarane.

Med god planlegging skulle det vere fullt mogleg å auke nedslagsfeltet noko, og eg tek derfor mål av meg til å introdusere minst 4 nye kommuner eller land i dorullbrettforumet i 2012, m.a.o. ein 82% auke i forhold til den historiske trenden.

Dette er altså mitt nyttårsforsett.

Skulle fleire av dorullbrettbidragsytarane finne på å tenke i same baner, vil ein nok sjå eit utslag av dette på statistikken alt ved neste årsskifte.

Godt Nyttår!

Vennleg Helsing
Jostein"

Fantastisk tiltak fra Jostein, og et ærbart nyttårsforsett! Redaksjonen er nok noe enig i at tiltak 1 med et misjonsbud fra redaktøren kan virke noe voldsomt, tiltak 2 med sammenslåing av kommuner bør absolutt iverksettes og tiltak 3 er også noe som bare kan settes i gang med!

søndag 17. oktober 2010

Statistikk i anledning redaktørens 100-bidrags-jubileum

Det var veldig hyggelig å få denne hilsen i epostinnboksen:
"Vyrde Redaktør,
I anledning 100-brettsjubileet vil eg få overrekke eit oversyn over topp 10 - lista over dorullbrettbidragsytarar, og korleis denne har utvikla seg over tid.
Vonar de kan ha moro av dette, og at det kan tene til inspirasjon i det vidare samfunnsnyttige arbeidet.
Vennleg Helsing
Jostein"

Tusen takk til Jostein for denne oppmerksomheten, når sant skal sies var ikke redaktøren klar over at han hadde rundet 100 brett - desto hyggelige å bli gjort oppmerksom på det!