![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhDlaTXL-d9Z89cHdnx_4aJAFZX4iznlAlI60zr9-zCGY9N4XjxagThkn87obUaphgioNuRIGJq2MznNv3rCFIdmhTIOylh1EflCFPU3fF-4YxlQF5BuFYTDAZlV3c5HaBsexFrI7BWp81d/s320/Royal_Garden_27_mars_2011.jpg)
"Vyrde redaktør,
Prestasjonane ved Royal Garden har svinga noko, frå nesten perfekte brettar til, ja, til dette.
Eg har prøvd å kome denne slappe varianten av dorullbrett til livs gjennom gjentatte kritiske innlegg i Dorullbrett-forumet. Dette har tidvis sett ut til å ha ein effekt, særleg det siste året, men i dag er det tilbake til gamle synder.
Skulle situasjonen vedvare vil eg herved minne hotelleiinga på at dei har plassert ut papp-skilt på hotellroma med lovnadar om at dei garanterer at gjestane skal vere 100% nøgde med opphaldet, ellers kan ein krevje å få attende pengane (sjå innfelte bilete) Sjølvaste sjefen i Rezidor-gruppa stiller seg bak lovnaden, med bilete og navnetrekk.
Då må det vere lov å tru at det er i leiinga sin interesse å ta tak i situasjonen for å avverge eit ras av tilbakebetalingskrav på hotellprisen.
Vennleg Helsing
Jostein"
En høyst relevant problemstilling! Takk til Jostein for bidrag og innspill!