søndag 9. januar 2022

Dorullbrettbloggen flyttet til Facebook


 Alt har sin tid, og for denne dorullbrettbloggen endte den i 2020... Redaktøren fikk seg ny jobb, mistet litt piften... men vi fortsetter på Facebook - hvor bidragsytere selv kan dele sine bidrag fra inn og utland:

torsdag 9. januar 2020

wh Hotel Allegra, Kloten, Sveits - juli 2019



"Vyrde Redaktør,
Allegra er eit ord med latinsk opphav som har tyding i retning av glede og begeistring. Og det er klart en blir begeistra av ein så flott dorullbrett ved ankomst. Hadde resten av sørvisen holdt sama standard så hadde alt vært velstand.
Vennleg Helsing
Jostein"

Schlosshotel Dörflinger, Bludenz, Austerrike - juli 2019



"Vyrde Redaktør,
Triveleg attersyn med Schlosshotel Dörflinger, det er nær ti år sidan sist. Og spesielt triveleg at dei i det minste har gjort eit lite forsøk på å lage dorullbrett. Med litt meir trykkpress så gjeng det nok bra, skal du sjå.
Vennleg Helsing
Jostein"

Scandic Bakklandet, Trondheim - juni 2019



"Vyrde Redaktør,
Det er nokre år sidan nokon har rapportert frå dette hotellet, som før heitte Rica Bakklandet. Bretten er framleis bra, men ikkje heilt på nivå med den beste av dei førre brettane. Ein får vone ein ikkje er vitne til ein nedadgåande trend. Den einaste måten å finne ut av dette på er å kome attende ved eit seinare høve.
Vennleg Helisng
Jostein"

Radisson Blu Park Hotel, Fornebu, Bærum - juni 2019



"Vyrde Redaktør,
Denne bretten, som sikkert har vært nær perfekt i utganspunktet, har kræsja under landng på dorullhaldaren.
Heldigvis er skadene avgrensa til det reint estetiske, funksjonaliteten er framleis i orden.
Vennleg Helsing
Jostein"

Scandic Grensen, Oslo - juni 2019

Lang og helt ok brett dette her - ikke på grensen selv om det var på grensen (beklager ordspillet).
Hilsen Harald redaktør

B&B Hôtel Reims Centre Gare, Reims, Frankrike - juni 2019



"Vyrde Redaktør,
Det er greit nok at dette er eit lavprishotell, men enkelte ting blir det heilt feil å spare på. Det tek så lite tid, og gjer så stor skilnad, at det burde vere ein «no-brainer» å levere dorullbrett til gjestane.
Heldigvis gjorde den norske 3-0 sigeren over Nigeria at dagen likevel ikkje blei heilt øydelagd.
Og med tanke på dei miserable dorullopplevingane i Frankrike siste dagane så vonar eg at fotballdamene viser kvar skapet skal stå no i morgon, og sender franskmennene enno lenger inn i skammekroken.
Vennleg Helsing
Jostein"

Grand Hotel Nouvel Opera, Paris, Frankrike - juni 2019

"Vyrde Redaktør,
Når hotell heiter noko med «Grand» kan ein bli lurt til å tru at der er god plass. Slik er det ikkje her. Dette er eit trangt hotell. Trange rom, trangt bad, trange korridorar, trangt frokostområde, trang heis, i det heile tatt.
Men eg kjenner også trang til å påpeike for leiinga at det alltid er plass til ein dorullbrett.
I det minste ein liten ein.
Vennleg Helsing
Jostein"

Hotel De Geer, Finspång, Sverige - juni 2019

"Vyrde Redaktør,
Starten på opphaldet var veldig bra. Skarp og fin brett, og ekstra honnør for at dei får til såpass god brett trass i at der er lite papir på rullen. Men sjølve adelsmerket for eit kvalitetshotell, nemleg oppfølgingsbrett, manglar. Dessutan stenger baren alt for tidleg, men det er eit tema som strengt tatt ikkje sorterer under dette forumet.
Vennleg Helsing
Jostein"

Hotel Christiania Teater, Oslo - juni 2019



Strålende! Rett og slett! Og bacon fra A. Idsø til frokost. Kan knapt bli bedre.
Takk til redaktøren selv for bidrag.

Scandic Sarpsborg - juni 2019



Gode bretteforhold i Sarpsborg, en gledelig oppgradering siden forrige besøk i 2017!
Takk til bidragsyter, redaktøren selv.

Hotel Continental, Oslo - mai 2019



"Vyrde Redaktør,
Det hat gått eit par år sidan sist nokon rapporterte frå dette hotellet. Eg kan herved melde om at alt er i orden.
Vennleg Helsing
Jostein"
Betryggende!

Quality Hotel Expo, Fornebu, Bærum - mai 2019



"Vyrde Redaktør,
Det gledar meg stort at dette hotellet har lagt om praksisen sidan førre vitjing. Då måtte ein nemleg henge ein lapp utanpå døra dersom ein ynskja at personalet skulle stelle romet. No, derimot, er ordninga den at ein heng ein opp ein lapp dersom ein IKKJE ynskjer denne sørvisen. Dermed blei det oppfølgingsbrett denne gongen, og full skår frå denne gjesten.
Vennleg Helsing
Jostein"
Veldig bra!! Takk for nytt bidrag Jostein. 

Park Inn by Radisson Zürich Airport Hotel, Rümlang, Sveits - mai 2019

"Vyrde redaktør,
Eg trudde først at dette var eit forsøk på ein brett som så har falda seg ut grunna dårleg trykkpress.
Men etter å ha kika nøye på miseren kjem eg til den konklusjonen at dette aldri har vært ein brett, men at det heller er resultatet av eit uvørent avriv av papiret.
Dermed strykkarakter til dette hotellet.
Nei, no er det på tide å tinge seg hotellrom på ein stad der det er von om ordna forhold.
Får sjå neste veke.
Vennleg Helsing
Jostein"

Val Blu Sport Hotel, Bludenz, Austerrike - mai 2019

"Vyrde Redaktør
Det finnest sikker mange gode grunnar til å halde seg unna sport. Her er enno ein.
Vennleg Helsing
Jostein"
Alt som kan brukes som grunn bør brukes til det! Takk til Jostein for bidrag!