torsdag 9. august 2012

Hotel Sandmanns, Köln, Tyskland - august 2012

Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør,
Sidebrett med innstikk her. Dette er ein variant som er krevjande å utføre estetisk høgverdig, og Sandmanns må nok øve litt meir får dei får det til. Men dei skal ha for forsøket. Forøvrig eit sjarmerende lite hotell med særpreg, og når navnet er Sandmanns så er sjølvsagt roma innreia med ørken/Sahara som tema. Skal bli spennende å finne ut om halsen min matcher denne tematikken når morgonen kjem ....
Vennleg Helsing
Jostein"

Takk til Jostein for bidrag og medfølgende kommentar!

Ingen kommentarer: