fredag 28. desember 2018

Quality Hotel Expo, Bærum - november 2018

"Vyrde Redaktør,
Dette må vel nærmast karakteriserast som eit sjølvskudd får underteikna sin side. Eg gleda meg stort over ein brukbar ankomstbrett men blei noko skuffa og vonbroten over manglande oppfølgingsbrett, dette hotellet har servert slike ved tidlegare høve. Men i det eg pakka sakene for å gjere meg klar for utsjekk oppdaga eg denne lappen på romet, med teksta «We care about our wallet …», nei orsak, «We care about our planet …» var det visst. Poenget er altså at ein må henge denne lappen utanpå døra dersom ein ynskjer at nokon skal stelle romet. Det kan vere greit at forumet sine bidragsytarar er merksame på denne praksisen, slik at ikkje fleire gjer same blemma som eg gjorde. For ein dag utan dorullbrett er ein meiningslaus dag.
Vennleg Helsing
Jostein"

Takk for tips og bidrag, Jostein!

Ingen kommentarer: