fredag 28. desember 2018

Dokka Bilpleie Esso, Dokka, Nordre Land - oktober 2018

"Vyrde Redaktør,
På køyreturen til Dokka hørde eg på lokalradioen, og der var det reklame for Dokka Bilpleie sitt dekkhotell. Eg var derfor litt uroleg for at denne romreservasjonen var basert på ei mistyding, og at eg i beste fall kunne få krype saman i ein verkstadskrok mellom stablar på stablar av dekk. Men neidå, dei driv også eit lite motell, og det kan også sjå ut for at dei nyttar toaletta på roma som dorull-hotell. Ein slepp å uroe seg for å gå lens, og det må vere eit plusspoeng. Prisen på romet var også særs rimeleg, nytt plusspoeng. Men med omsyn til tilstanden til gjeldande bruksrull så er det ikkje anna å seie at her vil alle endringar vere til det betre. Hadde eg vært eit vinterdekk ville eg satt piggane ut. Dekk eller ikkje, eg pigga i allefall av så snart som råd etter eit naudsynt antal timar med svevn.
Vennleg Helsing
Jostein"

Takk til bidragsyter Jostein (som er hans ekte navn og ikke et dekk-navn) både for bidrag og enda en ny kommune til bloggen!

Ingen kommentarer: