torsdag 19. september 2013

Quality Hotel Augustin, Trondheim, september 2013

Bidragsyter ser tendenser til slapphet:
"Vyrde Redaktør, Det er nær to år sidan eg vitja dette hotellet sist, og ved den anledninga lovprisa eg den høge standarden på dorullbretten.
Ved dette opphaldet konstaterer eg at det har vært ei senking av standarden sidan sist. Ved ankomst fann eg ein lurebrett godt gøymt bak loket til dorullbretthaldaren. Det er godt gjort å lage brett på ein nesten oppbrukt dorull, honnør for det, men det tek seg betre ut om bretten faktisk visest frå gjesten sin arbeidsposisjon. Det som var sjølve rosinen i pølsa ved førre opphald, oppfølgingsbrett på dag nr 2, mangla ved dette opphaldet. I staden hadde eg fått ein ny dorull utan oppriven limkant. På biletet kan det sjå ut som om rullen er snudd feil veg, men eg kan berolige lesarane med at det ikkje var tilfelle. Den var snudd rette vegen. I og for seg er dorullbrett-praksisen innanfor det eg finn akseptabelt. Men det uroar meg at standarden har blitt senka i løpet av dei siste åra. Her må leiinga vere på vakt, og prøve å gjenopprette det gode inntrykket som tidlegare har vært kjenneteiknet for dette hotellet.
Vennleg Helsing
Jostein"

Redaksjonen samtykker - det er en evig jobb å holde standarden oppe, og dette må enhver hotelldireksjon anstrebe. Takk til bidragsyter Jostein.

Ingen kommentarer: