Bidragsyteren får ordet, som tradisjonen er for dem som begynner sin kommentar med "Vyrde redaktør":
"Vyrde Redaktør, Dette hotellet ligg svært landleg til, og eg hadde derfor sterkt reduserte forventningar til at dorullbretting var vanleg praksis. Derfor var gleda stor når eg ved inspeksjon av bada på bungalow'en fann at det i det minste var gjort sjarmerande forsøk på å lage brettar på begge dorullane. Eg har tidlegare uttrykt bekymring for hotellnæringa i denne regionen av landet med tanke på fotball-VM i 2014, men dersom progresjonen i bretting held fram vil ein faktisk kunne vente å finne brukbare brettar innan den tid. Oppfølgingsbrett var det verre med, her let ein dorullendane henge og slenge etter det daglege reinhaldet av roma. Men når utsikta frå verandaen er slik som vist på det vedlagte biletet er terskelen for tilgjeving svært lav. Etter eit par kveldsøl og ein sigar i bassengbaren var faktisk alt gløymt. Vennleg Helsing Jostein"
Takk til bidragsyter Jostein for bidrag og kommentarer, og selv en dorullbrettopptatt redaksjon skjønner at tankene av og til lurer seg andre steder enn kretset rundt dorullbrett når man kan nyte livet som bidragsyter tydeligvis gjør i vedlagte bilde:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar