lørdag 4. desember 2010

Hotel Vecchia Brianza, Seveso, Italia - desember 2010

En lettere paranoid bidragsyter, og det med god grunn, får ordet:
"Vyrde Redaktør,
Dette er mildt sagt horribelt.
Ved ankomst finn eg ein godt og vel halvbrukt dorull plassert på ein gesims bak doen, men optimist som eg er tenkte eg at det kanskje fantest ein lurebrett under dorullhaldaren, som er av ein type som dekker godt over dorullen. Men nærmare inspeksjon viser at der er en nesten heilt oppbrukt dorull, og like brettlaus som den på gesimsen.
For å invitere til forbetring, sørga eg for at dorullen i haldaren blei oppbrukt til neste morgon slik at det skulle vere grei skuring å setje inn ein ny, ubrukt dorull under reingjeringa av romet. Men no kjem det verkeleg horrible: i kveld finn eg en ny, halvbrukt dorull i haldaren (snudd bak fram, som i dette forumet er omlag like tabu som ein opp-ned kross i kyrkja). For ordens skuld, den på gesimsen var urørt sidan i går. Så, kvar kjem denne halvbrukte sataniske rullen frå? Eit anna rom? Eller var den i utgangspunktet ubrukt og har det i såfall vært andre personar innom romet
og nytta doen? Inviterer ein i desse adventstider tilfeldige trengende personar inn frå gata for å lette på trykket? Ein ting er i allefall sikkert: eg skal låse døra før eg legg meg for kvelden, og med ein gjenstand som kan gjere nytte som slagvåpen innan ei armlengdes avstand.
Paranoide Helsingar
Jostein"
Vi føler med Jostein her, dette er en skummel praksis uten fornuftig forklaring, selv ikke for et italiensk sinn. Dersom vi ikke mottar bidrag fra Jostein innen rimelig tid anser vi at hotellet har hatt onde hensikter, og lyser fred over hans minne.

1 kommentar:

Jostein sa...

Må nok dessverre skuffe den som no eventuelt ventar på dorullbrettbidrag frå det hinsidige (the dorullbrett from Hell, det hadde vært noko, men når eg tenker meg om så har eg vel faktisk bidratt med nettopp dette i sommar ....). Natta var udramatisk, og trass i at situasjonen ved Vecchia Brianza klart gjev grunn til å bli uroa er eg viss på at det finnest ei relativt harmlaus forklaring på dorullobservasjonane. Kanskje hotellstyraren er Sunnmøring, som kjøper halvbrukte dorullar på e-Bay?