fredag 10. desember 2010

Clarion Collection Hotel Amanda, Haugesund - desember 2010

Bidragsyter får selvsagt ordet:
"Vyrde redaktør.
Hotellet er nyleg representert med ein brukbar brett i forumet tidlegare i år, så eg hadde naturleg nok store forventningar når eg inspiserte badet ved ankomst. Når romet i tillegg harnamnet "Sannheten" (alle roma på hotellet er oppkalla etter meir eller mindre kjende filmar) kviler det eit ekstra stort ansvar over den av hotellpersonalet som sørgar for reinhald av romet og ein skulle derfor tru at bretten på nettopp dette romet var ekstra flott. Men dette er slendrian av søreuropeisk standard: ny dorull med fastlimt ende, snudd feil veg. Her lyt leiinga ta tak og skjerpe rutinene, ellers kan fort Hans Rotmo bli sannspådd når han syng "Herberget Sannheten e eit gammelt konkursbo ...."
Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til Jostein for nok et bidrag.

Ingen kommentarer: