Liverpool er ein by som har blitt kraftig oppgradert dei siste åra. Det er gledeleg å sjå at oppgraderinga også omfattar fokus på gode dorullbrettrutiner på byen sine hotell, i det minste på dette. Her var det to OK brettar ved ankomst, og like gode oppfølgingsbrettar kvar einaste dag. Om ein skulle vere pirkete så kunne ein kanskje ynskje seg litt strammare brettar, enkelte av dei er litt lause og rufsete. Men heilheitsintrykket er langt over det eg hadde venta på førehand. Med andre ord så har det vært ei framifrå pinsehelg.
Vennleg Helsing
Jostein"
Dette var veldig veldig bra!!
Takk til Jostein for gode bidrag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar