mandag 2. oktober 2017

Olympiatoppen Sportshotell, Oslo - august 2017

"Vyrde redaktør,
Jammen flaks at eg bestemte meg for å setje dette hotellet på dorullbrettkartet, for eg vil gå langt i å påstå at eg dermed har avdekka hovudgrunnen til diverse skuffande norske idrettsprestasjonar dei seinare åra. Når ein er i eit miljø der ein skal dyrke prestasjonskultur så må alle detaljar vere på plass, og då nyttar det ikkje å gi blaffen i dorullbretten. Det er ein skandale dersom ein slik slendrian får feste seg her på Sognsvann, tenk på smitteeffekten! Med denne haldninga så kan t.d. fotballsparkarane gi blaffen i å knyte skoreimene før dei skal spele kamp, var det t.d. dette som skjedde under dame-EM no nyleg? Og korleis skal det gå med skigåarane i vinter når ingen orkar å smøre ski lenger? Nei, her må Scandic, som driftar dette hotellet og som virkar å ha lagt lista høgt ved øvrige hotell i byen, ta tak og få orden på brettinga, til glede for folket, idrottsutøvarane og ikkje minst sponsorar.
Vennleg Helsing
Jostein"
Her har vi altså svaret!! Takk til Jostein for avslørende virksomhet!

Ingen kommentarer: