fredag 27. oktober 2017

Hotel Tønderhus, Tønder, Danmark - oktober 2017

"Vyrde Redaktør,
Dette er ein gledeleg dag. Ein kan ikkje tolke dagens observasjon annleis enn at det gode arbeidet som blir lagt ned i dette forumet blir lagt merke til i utlandet (rett nok i eit av dei mindre utlanda). For dette hotellet hadde eg egentlig gitt opp, etter tre vitjingar utan brett. Hadde det vært opp til meg, så hadde dagens overnatting blitt lagt til eit anna hotell i nærleiken. Men sidan det ikkje var eg som bestemte denne gangen, så blei det likevel Tønderhus på nytt. Eg grua meg alt lenge før eg sjekka inn over tanken på å bli møtt av ein trist og neglisjert dorull. Gjett då om gleda var stor då eg åpna døra til badet og blei møtt av denne flotte V-bretten. Gratulerer til Hotel Tønderhus, dersom dette blir fast takst framover så kjem eg gjerne igjen kvar gang det blir aktuelt å legge ei overnatting til dette området.
Vennleg Helsing
Jostein"
Dette må hotellet merke seg! Oppretthold disse flott brettene - oppretthold businessen med vår bidragsyter! Takk til Jostein for bidrag. 

Ingen kommentarer: