tirsdag 26. september 2017

Ona Havstuer, Ona, Sandøy - juli 2017

"Vyrde Redaktør,
Ona er ein eventyrleg fin plass, vi har hatt eventyrleg fint ver under opphaldet, og fasilitetane på Ona Havstuer er framifrå. Det einaste ein kunne ynskje seg for å gjere opphaldet 100% perfekt måtte vere ein dorullbrett ved ankomst. Eller i det minste at rullen er snudd rette vegen. Men av alle hotellopphald eg har hatt der dorullbretten har mangla, så er dette det der det i minst grad har verka negativt inn på totalopplevinga. Hit kjem eg gjerne igjen ein gang til, dorullbrett eller ikkje (men eg blir sjølvsagt glad dersom det skulle vanke ein bitteliten brett ved neste høve).
Smørblide helsingar frå
Jostein"
Man vet at resten er strålende når manglende dorullbrett ikke ødelegger oppholdet! Velfortjent, takk til Jostein for nytt bidrag og ikke minst for å ha brakt nok en kommune inn i dorullbrettuniverset vårt!

Ingen kommentarer: