søndag 25. juni 2017

AirportHotel Verona, Verona, Italia - juni 2017

"Vyrde Redaktør,
Enno ein uåpna dorull. Etter å ha fundert ein del på dette den siste veka, og mellom anna latt meg inspirere av tilstanden ein lett kan kome i ved å opphalde seg i italienske vindistrikt, så har eg kome fram til følgende:
Tenk deg at du set deg ned på ein restaurant, gjerne saman med venar, og ber om å få ei flaske vin. Servitøren slenger ei flaske på bordet, trekker på skuldrene og slentrar avgarde og overlet til deg å finne ut av korleis den skal åpnast. Vinen er sikkert god den, men det kan fort melde seg ein bismak frå servitøren sitt manglande engasjement.
Slik er det etter mitt syn også med dorullar. Ein flott dorullbrett er ein kulturmarkør på linje med den flottaste amaronevin, og derfor blir det for enkelt å berre slenge ein uåpna dorull inn på haldaren og vere nøgd med stoda. Nei, for at gjesten skal forstå at han er komen til ein kulturnasjon så må rullen åpnast og enden brettast. For når enden er god er allting godt. Nemleg.
Vennleg Helsing
Jostein"


Takk til Jostein for bidrag og ikke minst et meget vektig bidrag til den pågående debatten om dorullbrett eller ikke ved uåpnede ruller!

Ingen kommentarer: