onsdag 2. november 2011

Thon Hotel Trondheim - oktober 2011

Bidragsyter beretter, og han er ikke fornøyd:
"Vyrde Redaktør,
Det er stappe fullt på hotella i byen denne veka, derfor var det uråd å finne 2 overnattingar på rad på eitt og same hotell på kort varsel. Dermed vart dette ein fin anledning til å teste om det er forskjel på dorullbrettkvaliteten mellom Thon City-merkevara og Thon Budget-merkevara.
Førre overnatting var ved Thon Gildevangen som er eit City-hotell, og der var dorullbretten svært bra. Thon Hotel Trondheim er eit Budget-hotell (såvidt eg kan sjå er ikkje hotellet representert på forumet tidlegare), og skal såleis ha ein noko enklare standard.
Men det er noko som heiter "å spare seg til fant".
Eg trur det er det Thon gjer ved dette høvet, for det er slett ikkje på dorullbretten ein skal spare. Slike dispenserar er mest eigna til å skræme bort gjestane frå framtidige besøk, eg kjem i allefall til å tenke meg nøye om før eg bestiller på eit Thon Budget hotell igjen.
Skivebom, Olav!
Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til Jostein for nok et bidrag og kommentar.

Ingen kommentarer: