onsdag 25. mai 2011

Hotel Alcalá Plaza, Alcalá de Henares, Spania - mai 2011

Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør,
Dette hotellet har ein noko frynsete forhistorie når det gjeld dorullbretting.
Ved dette høvet kan ein derimot stadfeste at det er ein godkjent brett ved ankomst. Rett nok er ikkje sidebrett med innstikk denne bidragsytaren sin favoritt, den er noko slurvete utført, og den er håplaust godt skjult under ein vrang dorullbretthodar, så det er framleis mange detaljar å gripe fatt i.
Oppfølgingsbrett neste dag ser også ut til å vere ein framand tanke i dette landet. Men for å kome tilbake til det som er bra; ting tyder på at hotellet har forbetra dorullbretterutinene.
Som det gjeng fram av det nederste biletet er venterullen bretta med "stempel" frå vasskrana og klargjort, og ein set også pris på papirremsa over toalettsetet som fortel at alt er reingjort og klart til bruk. Så, alt i alt ser ein ikkje vekk frå at ein kjem til å nytte dette hotellet att ved seinare ærend i området.

Vennleg Helsing
Jostein"

Vi skal ikke se bort i fra at det er Josteins bidrag som har forårsaket en forbedring, hotelldirektører over hele verden sjekker vår blogg med argusøyne hver eneste dag. Kanskje. Kanskje ikke. Uansett - takk til Jostein for bidrag og grundig kommentar!

Ingen kommentarer: