søndag 17. oktober 2010

Radisson BLU Plaza Hotel, Oslo - oktober 2010

Våre alles gode venn - rombetjeningen i hotellrom verden over - kan bli utsatt for sterk kritikk i dette forum. Det er derfor gledelig at vi enkelte ganger kan oppklare hendelser som kanskje ville foranlediget kritikk - men som på grunn av aktive dorullbrettbloggere blir oppklart og gjort forståelig for almuen, som i dette bidraget, hvor "mysteriet med de innfelte bretter" blir oppklart. Bidragsyter beretter:
"Vyrde Redaktør,

Ein (1) godkjend brett ved ankomst 12/10, brett nr 2 til venstre var for såvidt også OK men var dytta håplaust langt inn i slissen. For å gi rombeteninga sjansen til å rette opp inntrykket nytta eg derfor berre av rullen til venstre, og let den til høgre vere ubrukt.
Dagen etter finn eg ein fin brett til venstre, medan den til høgre, som var ubrukt, var dytta inn i slissen.
Dette funderte eg mykje på, men følgde same praksis med å nytte av rullen som var dytta inn i slissen, altså denne gangen rullen til høgre. Mildt sagt satt ut av denne merkelege praksisen med å dytte dorullbretten inn i slissen, tok eg ein dusj for å klarne tankane og tenke ut bitande
formuleringar for eit kritisk innlegg i Dorullbrett-forumet.
Medan eg dusja, blei imidlertid årsaka til denne underlege brettepraksisen tydeleg: avskjerminga av dusjen er så dårleg at vatnet skvettar over mot dorullane. Som ein kan sjå på det nederste biletet, som er tatt frå den posisjonen ein stend når ein dusjar, er rullen til høgre sterkt utsatt. Ein ser tydeleg merke etter vassdråpar på den lause dorullenden.
For gjestar som praktiserer meir vigorøs dusjing kan eg godt forestille meg at begge dorullane kan bli dynka.
Derfor gir det meining at ein "sparer" ein dorullbrett ved å dytte den inn i slissen, slik at denne ikkje blir eksponert for vassøl frå dusjen med mindre gjesten treng å nytte av begge rullane.
Kritikken kan derfor ikkje rettast mot rombeteninga, men heller mot den som har utforma baderoma.

Vennleg Helsing
Jostein"

Takk til Jostein for bidrag, og som vanlig innsiktsfull kommentar, og denne gang også en viktig oppdagelse.

Ingen kommentarer: