lørdag 5. desember 2009

Radisson BLU Plaza, Oslo, - desember 2009

Bidragsyter kommenterer:
"Vyrde Redaktør,
To brettar (som slett ikkje er brettar, men heller ustrukturerte folder) under pari denne gangen frå Plaza.
Det er lett å forstå at det er vanskelegare å ordne skikkelege brettar når dorullen er skjult under benken, men det finnest mange døme i dette forumet på at det likevel er fullt mogleg. Ein får derfor håpe at den skrale kvaliteten på brettinga er eit eingangstilfelle for Plaza sin del. Greit nok at romet ligg høgt over gatenivå, men det er dristig å gamble på at gjesten skal bli så blenda av utsikta at dorullbrettkvaliteten ikkje blirlagt merke til.

Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til bidragsyter for bidrag og innsiktsfull kommentar.

Ingen kommentarer: