søndag 2. september 2012

Radisson BLU Royal Garden, Trondheim - august 2012

Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør,
Det er godt å sjå at Royal Garden legg vinn på å oppretthalde den gode dorullbrettstandarden dei har lagt seg på det siste drøye året. Flott brett ved ankomst. Som annonsert i februar, så har eg lagt inn ein to-netters i reiseplanen for å sjekke om dei no også har starta å levere oppfølgingsbrett. Sidan dette
enno ikkje ser ut for å vere vanleg praksis må ein dessverre konstatere at dei ikkje har tatt steget heilt opp i ypperste dorullbrettkvalitetshotellklasse enno, men ein må likevel seie seg nøgd med konsistensen i gode brettar ved ankomst siste året. Bravo!
Ellers så merkar ein seg at det er svært hensynsfullt av hotellet å skru opp eit askebeger ved dorullen, slik at dersom gjesten medan han sit på skåla med ein sneip i munnen brått skulle huske at han ikkje har røykerom, eller enno meir pinlig, at han ikkje røyker i det heile, sporenstreks kan stumpe sigaretten utan vidare anstrengelsar.
Vennleg Helsing
Jostein"

Takk til Jostein for bidrag og utrettelig innsats i det godes tjeneste!

Ingen kommentarer: