tirsdag 19. juni 2018

Grand Palace Hotel Riga, Latvia - mai 2018

En skarp, fin og symmetrisk brett dette her! Bretter fortjener sin Riga-balsam!
Takk til bidragsyter Jan-Inge. 

Thon Hotel Gardermoen, Ullensaker - mai 2018

"Litt skjev, men helt grei brett" sier vår bidragsyter, og vi er som vanlig enig med det han sier.
Takk til Jon Henrik for nok et bidrag. 

Atlanten Turistsenter, Kristiansund - mai 2018

"Komplett og fullstendig mangel på enhver antydning til brett. Sad!" sier vår bidragsyter. Vi er enig. So sad.
Takk til Jon Henrik for bidrag. 

Holiday Inn Express Albert Dock, Liverpool, England - mai 2018

"Vyrde Redaktør
Liverpool er ein by som har blitt kraftig oppgradert dei siste åra. Det er gledeleg å sjå at oppgraderinga også omfattar fokus på gode dorullbrettrutiner på byen sine hotell, i det minste på dette. Her var det to OK brettar ved ankomst, og like gode oppfølgingsbrettar kvar einaste dag. Om ein skulle vere pirkete så kunne ein kanskje ynskje seg litt strammare brettar, enkelte av dei er litt lause og rufsete. Men heilheitsintrykket er langt over det eg hadde venta på førehand. Med andre ord så har det vært ei framifrå pinsehelg.
Vennleg Helsing

Jostein"
Dette var veldig veldig bra!!
Takk til Jostein for gode bidrag. 

Tyssedal Hotell, Odda - mai 2018

"En slags sidebrett er det vel. Ikke helt på stell, men de forsøker i hvert fall" melder vår bidragsyter, og vi er enig - de skal ha for forsøket!
Takk til bidragsyter Arent. 

Fevik Strand Hotell, Grimstad - mai 2018

Bidragsyter måtte flykte:
"Bor i et kjekt anneks her i Fevik, dessverre var det ikke noen skikkelig brett så da reiser vi videre til Sverige".
Skjønner godt Sverigefarerne. Dette er begredelige greier. 
Takk til Siri for bidrag. 

Chicago Marriott O'Hare, Chicago, Illinois, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Flott dorullbrett ved ankomst, og brukbar oppfølgingsbrett på dag 2. Alt i alt ber dette preg av å vere eit kvalitetshotell.
Vennleg Helsing

Jostein"
Veldig bra!
Takk til bidragsyter Jostein. 

Viceroy Chicago, Chicago, Illinois, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Dette er eit lite men staseleg hotel, på kanten til snobbete, med ansatte som snarar ein om føtene for å stå til teneste med alt mogleg, som å åpne ytterdøra, bere koffertar eller å vise veg til heis og restaurant og spa og gud veit. Sidan dei tilsette er så ivrige etter å gjere noko så har eg eit tips: bruk 20 sekund ekstra under det daglege reinhaldet for å lage dorullbrett til gjestane. Jaudå, ankomstbretten var på plass, men på dag 2 er det noko som manglar.
Vennleg Helsing

Jostein"
Oppfølgingsbretter matter too!
Takk til Jostein for nok et bidrag! Kjekt å følge med på ferden.

Hilton Chicago O'Hare Airport Hotel, Illinois, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Dette hotellet leverer brukbart enno ein gong, og no er brettane litt jamnare enn ved førre vitjing. Om berre roma hadde vært såpass godt lydisolerte at eg slapp å ligge og høyre på mannen i naboromet som pratar og skrik i søvne så hadde dette vært rett bra.
Vennleg Helsing

Jostein"
Vel, det kunne nok vært verre lyder enn det... 
Takk til Jostein for nok et bidrag!

Magnuson Hotel, Commerce, Texas, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Namnet på denne byen ber bod om at dei som grunnla den hadde peiling på å drive butikk.
Og dorullbrettane ved dette hotellet ber på same måte bod om at dei som arbeider her har peiling på å drive hotell.
Bravo, endeleg ein opptur etter mykje elende rundt omkring dei siste dagane.
Legg spesielt merke til at ein her har greidd å lage identiske brettar på begge rullane.
Vennleg Helsing

Jostein"
Dette var strålende! Vel fortjent for bidragsyter!
Takk til Jostein for bidrag!

Holiday Inn Express Suites, Royse City, Texas, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Om nokon nokongong har undra seg over kva som kan vere verre enn ein dorull utan dorullbrett, så kan eg her presentere svaret på det:
To dorullar utan dorullbrett!
Vennleg Helsing

Jostein"
Ikke verdig staten Texas dette!
Takk til Jostein for bidrag. 

Ramada, Henderson, Kentucky, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Eg forstår at dette hotellet gjerne vil imponere gjestane sine ved å installere eit boblebad på soveromet. Men eg ville blitt mykje meir imponert dersom dei hadde brydd seg med å lage dorullbrett. Ingen brett = full retrett.
Vennleg Helsing

Jostein"
Dette var en ny variant... boblebad på soverommet...amerikanere altså...
Takk til Jostein for bidrag. Og spennende valg av hotell.

Quality Inn East, Evansville, Indiana, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Dette viser seg å vere eit forhodsvis sjabby hotell, og dorullen stend absolutt i stil med det øvrige inntrykket. For den som ynskjer å kome i stemning til å lese boka Crimes in Southern Indiana så er sikkert hotellet ein innertier, medan det for øvrige reisande sikkert er like greit å styre unna. Sjølv så sjekka eg i dusjen om der var daude kattar eller andre uhumskheiter då eg tok i bruk romet. Ser fram til utsjekk.
Vennleg Helsing

Jostein"
Redaktøren kjenner seg igjen i dette. Av og til ligger man med nesen over dynen og håper at kakerlakkene man hører ikke er i umiddelbar nærhet. Dorullbrett er sjelden prioritert på disse stedene. 
Takk til Jostein for bidrag!

Best Western Plus Holland Inn, Holland, Michigan, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Nok eit eksempel på at ein ofte kan finne ulike brettar på ein dobbelt dorullhaldar. Kvar for seg så er dei heilt greie, men saman så ser dei litt rare ut.
Vennleg Helsing

Jostein"
Jepp, rart det der. Takk til Jostein for bidrag.

Hilton Chicago O'Hare Airport Hotel, Illinois, USA - mai 2018

"Vyrde Redaktør,
Dorullane er bretta og greie, men eg undrar meg litt over den asymmetriske og varierte måten det er gjort på. Er det tilsikta, som eit slags kunstnerisk innslag i do-pausa? Med litt godvilje kan ein jo la tankane gå i retning av Picasso sine kubistiske bilete. Men mest truleg dreier det seg nok om at brettaren ikkje har lagt vekt på symmetri. Eg skal innom igjen om ei knapp veke, vi får sjå korleis her ser ut då.
Vennleg Helsing

Jostein"
Ja dette er et kanskje for alltid uløst mysterium. Ser  ut som det er tilnærmet umulig å lage like brett på side-by-side holdere.
Takk til Jostein for bidrag.