søndag 2. september 2012

Radisson Blu Hotel Lillehammer - august 2012

Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør,
Ein sjekk i arkivet viser at førre bidrag frå dette hotellet var heilt utan brett. Dermed kan ein nok fastslå at det er ei betring sidan sist, i og med at ein ved denne vitjinga har registrert brett, eller i det minste forsøk på brett, på bada til to ulike rom (eg bytta rom mellom første og andre natta av grunnar som ikkje heng saman med dorullbrettkvaliteten, sjølv om dette også i og for seg hadde vært gyldig grunn). Det første biletet kan ved første augnekast synest å vise ein slank, fin V-brett. Derfor finn eg det naudsynt å markere på biletet kvar spissen på V-bretten eigentleg er, og at det er bakbretten som grunna manglande trykkpress har folda seg ut og frå vinkelen biletet er tatt i fortoner seg som sjølve hovudbretten. På rom nr to er det same feil, for lite trykkpress som gjer at bretten foldar seg delvis ut att. Sidan dei to rullane er bretta speilvendt i forhold til ein annan, er det truleg to ulike brettarar som har vært i aksjon. Dermed har ein truleg avdekka ei generell mangel på opplæring i dorullbretting ved hotellet. Her har leiinga alle muligheiter til å ta tak i situasjonen og køyre eit 3-dagers kurs i bretting med realt trykkpress.
Vennleg Helsing
Jostein"

Minst tre dager! Takk til bidragsyter Jostein!

Ingen kommentarer: