søndag 21. juli 2019

The Langham Xintiandi, Shanghai, Folkerepublikken Kina - april 2019

To kurante brett i en over-under-konstellasjon, det ene sogar med stempel! Absolutt godkjent!
Takk til bidragsyter Else T.

Pyntaberget hotell, Hundorp, Sør-Fron - april 2019

"Vyrde Redaktør
Dette hotellet har eit makelaust utsyn over Gudbrandsdalen og fjella omkring, rett og slett fantastisk. Og utsikta på badet er heller ikkje så verst.
Vennleg Helsing
Jostein"
En noe nedhengt brett, men full i stand til å ivareta både estetikk og praktikk! Takk til Jostein for nytt bidrag, og ny kommune!

Milepelen Hotell & Vertshus, Sagstua, Nord-Odal - mars 2019

"Vyrde Redaktør,
Klarer du ein så klarer du to, sa KrF-nestleiar Ropstad for ikkje så lenge sidan. Så etter å ha plassert Sør-Odal på dorullbrettkartet tidlegare i år så tenkte eg at eg kunne ta den andre Odalskommuna også, Nord-Odal. Og hotellet var heilt greit, det. Men det manglar ein vesentleg detalj, som det gjeng fram av biletet. Her kan dei med fordel lære av naboane i sør. Og for min eigen del så kjem eg ikkje til å legge så stor vekt på Ropstad sine råd framover.
Vennleg Helsing
Jostein"
Takk for å innlemme nok en ny kommune i vårt dorullbrettunivers, Jostein!

Hotel Tønderhus, Tønder, Danmark - februar 2019

"Vyrde Redaktør,
Hotel Tønderhus held i hevd den gode dorullbrettstandarden dei omsider starta med etter massivt trykk her på forumet. Gledeleg!
Vennleg Helsing
Jostein"
Vår kamp krones med seier! Takk til bidragsyter Jostein for utrettelig innsats for dorullbrettens fremme!

Quality Hotel Strand, Gjøvik - februar 2019

"Vyrde Redaktør
 Hotellet retta opp blemma frå førre vitjing, og leverer ein ankomstbrett denne gangen. (sjølv om eg måtte lette på dekslet for å vere viss på at det verkeleg var ein tilsikta brett og ikkje berre ein tilfeldig skrukk på papiret). Så får ein sjå om det byr seg eit høve seinare ein gang til å sjekke om dei også har starta med oppfølgingsbrettar.
 Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til Jostein for nok et bidrag!

Clarion Collection Hotel Grand, Gjøvik - februar 2019

"Vyrde Redaktør,
Ein lyt gi ros til personalet for at dei greier å lage brett på rullen når det er såpass lite papir igjen. Men når det gjeld oppfølgingsbrett dei neste to dagane er eg meir atterhalden. Dette hotellet har vært under lupa såpass lenge at dei burde ha fått med seg poenget no.
Vennleg Helsing
Jostein"
Enig! Takk til Jostein for nok et bidrag!

Super 8 by Wyndham Sioux Falls, South Dakota, USA - april 2019

En fin sidebrett på et helt greit og rimelig hotell. Takk til bidragsyter, redaktøren selv.