torsdag 27. november 2008

Royal Garden, Trondheim - november 2008

Redaksjonen har mottatt en meget fyldig rapport fra bidragsyter Jostein, slikt liker vi å få og den gjengis i sin helhet:
"Vyrde redaktør,
Royal Garden har i 10 år vært mitt favoritthotell i Trondheim. Litt på grunn av frokostbuffeten, litt på grunn av at dei har symjebasseng, men mest på grunn av at eg søv godt om nettene medan eg er der.


Eg vart derfor bortimot fornærma når hotellet nærmast fekk slakt (terningkast 3) i Dagbladet:
http://www.dagbladet.no/dinside/2008/10/23/551296.html

Kva er det t.d. som er så galt med ein daud bjørn i salongen? Skal det først vere ein 3m høg bjørn der, synest eg faktisk at det er ein veldig god ide at den ikkje er levende.
Og kven i all verda er det som assosierer golvteppemønster med innpakninga til damebind?
Til slutt, det faktum at anmeldelsen ikkje nevner kvaliteten på dorullbretten med eit ord, vitnar om at seriøsiteten er på eit lavmål i Dagbladet sin hotelltest.


Derfor var det med visse forventningar om å gjenopprette æra til favoritthotellet mitt at eg reiste til Trondheim denne veka. Men dorullbretten var slett ikkje av den kvaliteten eg hadde venta: ved ankomst blei eg møtt av ein slapp enkeltfold, forsåvidt geometrisk rett utført, men med merke etter våte fingrar som avslører at det ikkje er perfeksjonist-arbeid. Det at sjølve dorullhaldaren heng på skrå (eg passa på at ein del av dørkarmen er med på biletet, som ein referanse til kva som er loddrett) forsterkar inntrykket av at dorullestetikken ikkje blir lagt vekt på ved hotellet. "I morgon", tenkte eg, "I morgon har dei sikkert innsett fadesen, og passar på å rette opp inntrykket med å rette opp dorullhaldaren og legge sin flid i ein perfekt brett".

Men kva skjer? Ingen oppretting, og ingen brett! Det er derfor med ei viss smerte at eg finn å måtte stadfeste Dagbladet sitt terningkast: 3.

Eg gjeng ut frå at hotelldirektøren er fast lesar av dette forumet, for å halde seg oppdatert over viktige kvalitetsindikatorar i hotellmarknaden. Derfor er eg viss på at det straks blir satt fokus på dorullbretting ved hotellet, og eg ser fram til neste besøk til Royal Garden.

Eg legg ved bilete frå kvar av dagane, i montasje med påført dato.

Vennleg Helsing
Jostein
"

Tusen takk til bidragsyter for bidraget - et eksempel til etterfølgelse!

Ingen kommentarer: