mandag 1. desember 2008

Royal Garden, Trondheim - desember 2008

Nok et bidrag fra Jostein, med utfyllende tekst som gjengis i sin helhet. Forøvrig en sneisen konspirasjonsteori han lanserer, om toalletplassering i forhold til TV:
"Vyrde redaktør,
Det er litt uklart for meg om hotelldirektøren og øvrig personale har tatt innover seg tilstandane eg rapporterte om i forrige innlegg.
Situasjonen er heilt klart noko betre no enn for ei veke sidan.
Dorullhaldaren er ikkje slett like skeiv (dog langt frå i vater), og bretten har ikkje merke etter fuktige fingrar. Her må det skytast inn at romet eg har no er i ein annan seksjon av hotellet, og ein kan ikkje utelate at det eg observerer ikkje er ei forbetring, men rett og slett ulik praksis innan staben.
Eg greier dermed ikkje å fri meg frå kjensla av at denne forholdsvis enkle folden er eit uttrykk for slapp haldning til dorullbretting.
Det er altså framleis eit stykke att til terningkast 6.
Det har slått meg at ein finesse ved roma på Royal Garden er at det er utsikt til TV'en frå doskåla.
Av alle hotella eg kan hugse å ha bodd på er det berre Royal Garden og det meir beskjedne Stadshotellet i Vetlanda i Sverige som har passa på dette aspektet ved utforminga av roma.
Kan det vere så finurleg at bretten er moderat godt utført med vilje, slik at det ikkje skal distrahere gjesten frå å følge med på nyhenda på TV? Uansett, for min del fungerer det ikkje.
Vennleg Helsing Jostein"

Tusen takk til bidragsyter Jostein!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Dorullbretten 24.11. var den beste fra Royal Garden, men likevel litt kjedelig!

Anonym sa...

Randi:
Teknisk sett er eg samd, men når ein tek omsyn til fingermerke og skeivmontert dorullhaldar, så vart heilheitsopplevinga best for meg den 1/12.