lørdag 18. november 2017

Skogly Camping, Eide - oktober 2017

"Vyrde Redaktør,
Eg har oppfatta det som at ein av misjonane til dette forumet er å kartlegge dorullbrettilhøva rundt omkring i landet og ellers i verda, helst i kvar enkelt kommune og i kvart enkelt land. No finnest det faktisk kommuner der det ikkje er hotell eller andre overnattingsstadar der det er naturleg å vente seg dorullbrett, dette burde kanskje vere grunn nok i seg sjølv til å slå saman slike kommuner med hotell-kommuner. Eg reiknar med at dette aspektet vog tungt då Eide og Fræna kommuner bestemte seg for å slå seg saman til Hustadvika kommune frå og med 2020, for i Eide var det vanskeleg å finne hotell, gjestgiveri, pensjonat etc. Men der er i det minste campingplassar, og når der som på Skogly Camping er hytter med eige bad så ligg det til rette for at vertskapet kan ynskje gjesten velkomen med ein flott dorullbrett. Men slik gjekk det dessverre ikkje denne gongen heller. Så spørs det om det hjelp å slå seg saman med nabokommuna, for denne dorullen frå Fræna var heller ikkje noko å skryte av. Men ein kan alltids håpe på at reiknereglane gjeld ved kommunesamanslåing også, slik at minus og minus blir pluss.

Vennleg Helsing
Jostein"

Det er faktisk første gang redaktøren har sett kommunesammenslåing fra et dorullbrettperspektiv - men det er selvagt helt riktig som bidragsyter påpeker - sånt må spille inn!
Takk til Jostein for nok et flott gjennomført oppdrag i dorullbrettens fremme! Og for å ha brakt nok en kommune inn i vårt dorullbrettunivers. Ikke minst var det kjekt at det er fra kommunen (enn så lenge) hvor redaktøren et par generasjoner tilbake har sitt opphav!

Ingen kommentarer: