"Vyrde Redaktør,
Så vidt eg kan sjå har det ikkje blitt rapportert om kvaliteten på dorullbrettane ved dette hotellet tidlegare. Det tenkte eg at eg måtte gjere noko med, og kan herved melde om ein ryddig og fin brett, litt usymmetrisk, men likevel godkjent og vel så det. Den kvalitetsmedvitne hotellgjesten kan derfor trygt blinke ut dette hotellet som eit høgverdig alternativ ved reiser til Oslo.
Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til bidragsyter Jostein, som beviser at dorullbrettbloggen går Tripdavisor en god gang!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar