"Vyrde Redaktør,
Eg fekk gleda av å inspisere to rom ved dette tredagars-opphaldet. Begge roma hadde nær perfekt V-brett ved ankomst. Dag 2 kludra vi sjølve til for reinhaldet, her kan ikkje hotellet lastast for at dei ikkje fekk sleppe til med det daglege gjeremålet. Men på dag 3 konstaterer eg oppfølgingsbrett (om enn litt smålurvete) på rom 1, medan rom 2 har fått ny, uåpna dorull. Det kan sikkert gjerast betre, men det kan pinadø også gjerast langt verre, noko ein stendig ser døme på her på forumet. Det faktum at personalet har laga oppfølgingsbrett gjer at eg ikkje nøler med å stadfeste at dette er eit kvalitetshotell, noko dei også bør etterstrebe å vere i og med namnet til hotellkjeda. Bravo! Og eg vil oppmode Petter til å sjå på moglegheitene til å gi personalet ei bonusutbetaling for vel utført arbeid.
Vennleg Helsing
Jostein"
Enig! Her bør Petter kjenne sin besøkelsestid!
Takk til bidragsyter Jostein!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar