mandag 22. desember 2014

Comfort Hotel Grand, Gjøvik - desember 2014

Bidragsyter har ordet:
"Vyrde Redaktør,
'Vi gjer det enkelt' er eit mantra som heimsøker landet for tida, anten det gjeld korleis ein steller til middag for dagen rundt om i dei tusen heimane eller korleis leiande politikarar handterer krevjande spørsmål. Ingen kommentar. Enkelt.
Ved dette hotellet har ein ved denne vitjinga også valgt å gjere det enkelt, berre slenge over ein flik av papiret så kallar vi det for ein brett. Enkelt.
Men enkle løysingar har ein tendens til å skape ringvirkningar i form av nye problemstillingar, som i sin tur også kan løysat enkelt.
I dette tilfellet er problemet at bretten er under pari, og den enkle løysinga for hotellgjesten er  å velge eit anna hotell ved neste opphald i Gjøvik.
Vil dette vere underteikna sin instilling til prosedyre ved komande vitjingar?
Ingen kommentar. Enkelt.
Enkel, men vennleg helsing
Jostein"

Det enkle er ofte det beste. Men ikke alltid.
Takk til bidragsyter Jostein.

Ingen kommentarer: