tirsdag 2. september 2014

Radisson BLU Airport Hotel, Oslo Gardermoen, Ullensaker - august 2014

"Vyrde Redaktør
Radisson Blu på Gardermoen stiller med godkjende dorullbrettar som vanleg. Den ulike finishen på rullane får meg til å tru at det har vært to ulike brettarar i aksjon. Ein må tru det er ein ganske sosial aktivitet å sitje saman på eit hotell-bad og lage brettar saman. Bra det berre var to dorullhaldarar på badet, det hadde blitt trangt med tre brettarar.
Vennleg Helsing
Jostein"
Kollegiale hyggestunder til gjestens beste! Takk til bidragsyter Jostein.

Ingen kommentarer: