"Vyrde Redaktør,
Ein fantastisk overnattingsstad i havgapet. Dei ulike overnattingsroma ligg i verneverdige bygg i fiskeværet, og det er lagt stor vekt på å gi interiøret eit autentisk preg. Og ein kan nok argumentere med at fiskarane for 100 år sidan ikkje hadde brett på dorullane sine. Men dei hadde nok heller ikkje dusj, vassklosett, elektrisk varmeovn, vinyl-golvbelegg eller såpedispenserar på badet heller. Dei hadde vel i det heile ikkje bad. Derfor er det etter mitt syn heller ingen grunn til å la vere å brette dorullane for overnattingsgjestane.
Vennleg Helsing
Jostein"
Tiltredes! Takk til Jostein for bidrag, og for å innlemme nok en kommune i vårt dorullbrettunivers.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar