lørdag 18. januar 2014

Radisson BLU Royal Garden, Trondheim - januar 2014

Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør,
Då det er over 7 månadar sidan sist eg vitja dette hotellet, tenkte eg det var best å sjekke om dei framleis held det høge nivået dei har løfta seg til dei siste åra. Som de kan sjå er det ingen grunn til å uroe seg (utan at ein nødvendigvis treng å nytte den manglande uroa som argument mot å sjekke på nytt i nær framtid, tvert om, manglande uro over dorullbrett er ein særs god grunn til å vitje nettopp dette hotellet).
Vennleg Helsing
Jostein"

Ingen hotell må føle seg trygge! Takk til bidragsyter Jostein!

Ingen kommentarer: