fredag 18. mai 2012

The Fontainebl​eau Hotel, Miami Beach, USA - mai 2012

Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør, gratulerer med dagen!(epost mottatt 17. mai, red.anm)
Eg hadde høge forventningar til dorullbrettopplevinga ved dette hotellet. På den engelske Wikipedia-sida om dorullbrett er nemleg hotellet nevnt spesielt med omsyn til innovativ dorullbretting, sitat:
"We're not going to do the little pointy thing," rooms division chief  Charlotte Rosenau told the Miami Herald. "Every hotel does that." The change in toilet paper policy was made after Rosenau and several housekeepers crowded into a bathroom to experiment with different methods. They settled on "folding the first square in half, then resting the crease midway down the roll""


så eg var spent på korleis dette ville sjå ut.
Men resultatet var skuffende. Utsagnet til avdelingsleiar Charlotte Rosenau stend i grell kontrast til det hotellgjesten opplever: "It just looks nice and clean"
 

Her trur eg nesten eg må kommentere på engelsk i tilfelle avdelingsleiaren googlar sitt eige navn:
"No it doesn't. It looks like the hotel don't care too much about their guests. Being different by being worse is not a sustainable way of running your business."

Ein må likevel trekke fram det positive i at hotellet leverer oppfølgingsbret ... øh ... oppfølgingsfoldar.
(eventuell fold den 15. blei ikkje registrert, men denne gjesten oppheldt seg stort sett på romet denne dagen og gjorde dermed det daglege reinhaldet vanskeleg, så hotellet kan ikkje lastast for dette)

Vennleg Helsing
Jostein"

Takk til Jostein for bidrag og utfyllende kommentar!

Ingen kommentarer: