onsdag 19. januar 2011

Holiday Inn, Feldkirch, Østerrike - januar 2011

Bidragsyter beretter om det som kunne blitt et virkelig leit hotellopphold:
"Vyrde Redaktør,
Dette opphaldet starta på verst tenkeleg måte: etter at eg var ferdig med innsjekk og låste meg inn på romet var det første eg såg at det mangla toalettpapir på rullen.
Sidan dette er radikalt motsatt av inntrykket eg har fått av hotellet tidlegare, tok det meg fleire sekund før eg sansa at det var enno fleire manglar, om ikkje like graverande, ved romet;
- brukte handklede i ein haug på golvet
- søppel i søppelbøttene
- uoppreidde sengar
Utan å sjekke nærmare om det også skulle vere slik at det fantest andre menneske i romet, snudde eg tilbake til resepsjonen, som straks innsåg at dei hadde gjort ei blemme og gav meg eit nytt rom og ei orsaking som utan vidare blei akseptert.
Og her var bretten på plass, sjølvsagt, for dette romet var klargjort for neste gjest slik ein kan vente det.
Stilkarakterar etter hoppvekestandard:
17/1: Trekk for usymmetrisk og blafrende V-føring over kulen, men stødig og godt nedslag. 16,5
18/1: Her må ein ta omsyn til dei vanskelege forholda (som i hopping ville vært i form av baktrekk, men i dorullbretting er i form av lite papir på rullen), og ein gir 18 for denne prestasjonen.
Honnør til hotellet for at dei leverer oppfølgingsbrett, her er det mange hotell som landar på kulen i det viktige andrehoppet, for å seie det sånn.

Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til Jostein for enda et bidrag og fyldig kommentar!

Ingen kommentarer: