lørdag 12. september 2009

Hotel Alcalá Plaza, Alcalá de Henares, Spania - august/september 2009

Vi lar som vanlig de som begynner sitt bidrag med "vyrde redaktør" selv kommentere sitt bidrag:
"Vyrde redaktør,

Dette hotellet har ein stor og luftig lobby. Sånn. No har eg sagt noko fint om hotellet.
Så over til dorullbetten, eller snarare, stort sett mangel på brett.
Dag 1: Ingen brett og dorullen feil veg.
Dag 2: Ny dorull der enden framleis er fastlimt. Sjølvsagt ingen brett, men denne gangen er dorullen i det minste snudd rett veg.
Dag 3: Progresjonen held fram, der er faktisk ein ganske OK brett, men godt skjult under dorullhaldar-dekslet. Dette gjer sjølvsagt at funksjonaliteten med gripekant fell bort, men etter 2 brettlause dager skal ein vel ikkje klage. Eg undrast forøvrig på kva for metode dei nyttar for å få bretten til å henge fast, metoden etterlet seg i allefall ein rundt merke på rullen, sjå eige bilete. Det ser også ut for at metoden berre virkar på tirsdagar.
Dag 4: eg lurer på om det var Kjartan Fløgstad som skreiv at fisk og gjestar har det til felles at dei stinkar etter 3 dagar. Hotellet har tydelegvis same filosofi, så fjerde dagen er det på ny ingen brett, og dorullhaldaren er snudd feil veg. Eg kan ikkje tolke dette på annan måte enn at det er ein brutal beskjed til gjesten om at no er det på tide å ha seg heim. Så det gjorde eg.

Vennleg Helsing
Jostein"

Takk til bidragsyteren for bidrag og som alltid en utfyllende og god kommentar!

Ingen kommentarer: