torsdag 2. april 2009

Thon Hotel Gjøvik - mars 2009

Som vanlig når det gjelder vår kjære bidragsyter Jostein lar vi hans egen kommentar følge bidraget:

"Vyrde Redaktør,
Ved første augnekast verkar kanskje denne bretten noko slurvete utført.Som biletet med dorullhaldardekselet nedfelt viser, så teiknar ikkjebrettekanten ein V, men ein heller uregulær geometrisk figur.Når ein lettar på dekselet finn ein at det i utgangspunktet er ein skarp ogfin V-brett, men at innbretten er lagt dramatisk til side for folden.

Etter å ha fundert på dette ei stund, har eg kome til at dette truleg erutført slik med vilje, for å leie tankane over på forma til eit båtskrog.Eit kvitt båtskrog, kva ellers kan dette symbolisere enn Mjøsa sin kvitesvane, Skibladner, som ligg i vinteropplag eit drøyt steinkast unnahotellet.

Konseptet nærmast inviterer til å brette papirbåtar, som så kan sjøsettasti vind- og nedbørsutsatte omgjevnadar.(Det passar bra å runde av her, utan å spinne vidare på denne analogien....)

Uavhengig av om bretten er utført slik med vilje eller ikkje, så er detuansett den penaste (også den einaste) bretten frå Gjøvik så langt!

Vennleg Helsing Jostein"

Ingen kommentarer: