torsdag 11. desember 2008

Radisson SAS Plaza, Oslo - desember 2008

Nytt bidrag fra Jostein, som vanlig viderebragt i sin helhet:
"Vyrde redaktør,

Eg er usikker på kva eg skal meine om dorullarrangementet på dette hotellet.
Dorullane er skjult under benkplata på badet, og papiret stikk fram i ein slisse i benken.
Til overmål er der dobbel dorullhaldar/sliss, som gjev tryggleik til gjesten om at ein ikkje risikerer å setje seg i pinlege situasjonar grunna papirmangel.

For all del, det er tydeleg at staben har utført sine plikter på romet, og synleggjort dette ved å brette dorullenden slik at den er klar for bruk for neste gjest.

Om sjølve bretten kan ein bemerke at den er noko laus, og kunne godt ha stukke lenger fram for derved å vere meir gripevennleg.

På den andre sida er det for funksjonaliteten sin del ikkje naudsynt med ein stram brett, sidan den uansett blir holdt på plass av slissen.

Det er vanskeleg å seie seg misnøgd med arrangemenet.
På den andre sida kjenner eg at eg ville ha vært meir komfortabel med ein tradisjonell dorullhaldar med ein pen brett.
Vanesak? Kanskje. Godkjent? Ja.

Vennleg Helsing
Jostein
"

Takk til bidragsyteren, framifrå dokumentasjon av tingenes tilstand.

Ingen kommentarer: