Første bidrag fra Japan! Redaksjonen er jo av natur lat, og da passer det fint å bare viderebringe kommentar fra bidragsyter:
Om dorullbretting i Japan generelt:
"Japan er eit fint land, der dei tradisjonelt har nytta papir til bygningsmateriale (veggar og vindauge). Japan er også kjent for papirbrettekunst, origami, og det var derfor med visse forventningar eg inspiserte bada på hotellroma eg overnatta på. Men det var ingen ekstragavante "andungen kvakk-kvakk"-snippar som venta, men derimot heilt greie, nøkterne dorullbrettar av den typen ein ventar å finne på hotell."
Om denne dorullbretten spesielt:
"Pent utført, men med ein liten skjønnheitsglipp med avriven kant som stikk fram under bretten. Utførelsen vitnar ellers om den japanske sansen for det nette, med ein heller liten, delikat snipp som stikk fram under dekselet. Tok bilete av berre den eine holdaren, sidan eg alt hadde nytta av den andre."
Takk til bidragsyter Jostein.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar