lørdag 6. august 2016

Thon Hotel Astoria, Oslo - juli 2016

"Vyrde Redaktør,
Det gleder meg at leiinga ved hotellet er flittige lesarar av dorullbrettforumet. For eg kan ikkje tolke det på nokon annan måte når eg ved førre vitjing etterlyste oppfølgingbrett, og denne gongen observerer at den er på plass. Rett nok må det anførast at oppfølgingsbrettane er betydeleg meir slurvete utført enn den nokonlunde OK velkomstbretten, den siste oppfølgingsbretten var såpass lurvete at eg måtte dissekere den for å stadveste korvidt det var ein brett laga med hensikt eller ein tilfeldig knurv på papiret. Disseksjonen avslørte ein tydeleg bakbrett, ergo har rompersonalet gjort ein viss insats den tredje dagen også. I staden for å messe vidare om dårleg kvalitet på oppfølgingsbretten, så vel eg å rose hotellet for å i det minste ha satt det på dagsordenen. Her kan det vere på sin plass å heise flagget, om ikkje heilt til topps så i det minste eit godt stykke over halv stang. Bravo Thon, dette var eit solid steg i rett retning!
Vennleg Helsing
Jostein"

Dette er absolutt et steg i riktig retning, thi oppfølgingsbrett ofte blir neglisjert.
Takk til bidragsyter Jostein. 

Ingen kommentarer: