søndag 1. januar 2012

Nyttårsforsett om flere brettebidrag!

Vi har fra vår trofaste bidragsyter og kommentator Jostein mottatt en flott nyttårsbrev, med utregninger, forsett og det hele. Vi gir ham ordet:

Vyrde Redaktør,


Det er snart nyttår, og på tide å tenke over kva for forsett ein skal sikte seg inn på i 2012.
Som ivrig dorullbrettbidragsytar finn eg det i så måte naturleg å reflektere litt over denne gjerninga.

Eg er usikker på om Redaktøren har uttrykt det i klartekst, men eg har oppfatta det slik at det er eit mål, eller i det minste eit ynskje, å hente inn dorullbrettbidrag frå
1 - alle kommuner i Norge
2 - alle land i verda.

Med dette i tankane har eg gjort ein analyse av situasjonen (i staden for å løyse kryssord, som eg sikkert heller burde gjort ....).
Ei kjapp opptelling viser at det hittil er 124 av 430 kommuner som er representert (29%), og 68 av 205 land (33%).
Dersom ein ser nærmare på kva for kommuner og land som er representert, kan ein teikne opp dette i kart som vist nedanfor.

I karta er det gjort ei grovinndeling etter antal dorullbrettbidrag pr kommune og land, der 1-9 brettar er angitt med grøn farge, 10-99 brettar er blå og 100 eller fleire er angitt med purpur.
Ein ser tydeleg at dorullbrettbidragsytarane frekventerer enkelte regionar hyppigare enn andre.




Dorullbrett-forumet har eksistert i snart 5 år.
Dersom ein ser på antal nye kommuner og land som kjem til over tid, ser ein at det er ein svakt avtakande trend trass i at antalet dorullbrettbidragsytarar aukar jevnt og trutt.



Dersom ein skal våge seg til å spå om kor lang tid det tek før alle dei kvite flekkane på kartet er utfylt, kan ein nytte regresjonsanalyse på desse datasetta.
Ei enkel kurvetilpasning antyder at 100% dekning av kommuner og land ligg omlag 30 år fram i tid.
(Det er antatt at utviklinga følger ein eksponentialfunksjon (antal) = (tid)n, og der eksponenten n er tilpassa slik at kurva stemmer nokonlunde med no-antalet)


Det er jo fint å ha noko å sysle med framover.
Men dersom ein ser for seg at ein ynskjer å bryte trenden og oppnå 100% dekning noko tidlegare, lyt ein gjere tiltak.

Eit slikt tiltak kan vere målretta rekruttering av nye dorullbrettbidragsytarar, sidan historikken viser at eksisterende bidragsytarar langt på veg opererer innanfor avgrensa regionar.
Ville det kanskje vere ein ide med eit misjonsbod frå Redaktøren?
("Gå difor ut og gjer alle folkeslag til dorullbrettbidragsytarar, med di de viser dei estetikken i Bretten og Venterullen og Den Heilage Oppfølgingsbretten, og lærer dei å rapportere alt det som rombeteninga har gitt dei.")
Noja, det var nok litt i drøyaste laget.

Eit anna tiltak kan vere omfattande samanslåing av kommuner og land.
Eg har forstått det slik at Redaktøren er aktiv i politikken, kanskje han kan trekke i nokre trådar her?

Eit tredje tiltak kunne kanskje vere å oppmode eksisterande bidragsytarar til å vere medvitne dekningsprosenten ved reiseplanlegginga framover.
Og her er det refleksjonane om nyttårsforsett kjem inn.

I dei 3,18 åra eg har bidratt til forumet har eg fått æra av å introdusere 4 kommuner og 3 land på dorullbrett-kartet, altså eit snitt på 2,2 introduksjonar pr år.
Det kan vere interessant å skule til korleis øvrige flittige bidragsytarar opererer.
I søylediagrammet nedanfor er det lista opp kven som har bidratt med 3 eller fleire introduksjonar av land eller kommuner.
Vidare er prosentandelen bidrag frå den enkelte som er introduksjonar angitt med gule trekantar, prosentandelen lesast av på den høgre ordinataksen.
Ein ser då at for min eigen del så ligg andelen introduksjonar noko lavt i forhold til fleirtalet av dei flittigaste bidragsytarane.

Med god planlegging skulle det vere fullt mogleg å auke nedslagsfeltet noko, og eg tek derfor mål av meg til å introdusere minst 4 nye kommuner eller land i dorullbrettforumet i 2012, m.a.o. ein 82% auke i forhold til den historiske trenden.

Dette er altså mitt nyttårsforsett.

Skulle fleire av dorullbrettbidragsytarane finne på å tenke i same baner, vil ein nok sjå eit utslag av dette på statistikken alt ved neste årsskifte.

Godt Nyttår!

Vennleg Helsing
Jostein"

Fantastisk tiltak fra Jostein, og et ærbart nyttårsforsett! Redaksjonen er nok noe enig i at tiltak 1 med et misjonsbud fra redaktøren kan virke noe voldsomt, tiltak 2 med sammenslåing av kommuner bør absolutt iverksettes og tiltak 3 er også noe som bare kan settes i gang med!

1 kommentar:

Ghost of Goldwater sa...

Dear Mr President. There are too many states nowadays. Please eliminate three.

- Grandpa Simpson

PS: I'm not a crackpot.