fredag 23. september 2011

Radisson BLU Royal Garden, Trondheim - september 2011

Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør
Tredje vitjing på rad til Royal Garden der ein blir møtt av ein fott
V-brett.
Dette er ei vesentleg forbetring i forhold til historikken frå tidlegare år.
Gratulerer, Royal Garden!
Over til noko anna, ein forstår jo at stadige henvisningar til alkoholkonsum i brettekommentarar kan svekke truverdigheita, lesaren kan jo fort bli leia til å tru at vurderinga av bretten er gjort i ein tilstand der ein er mindre kritisk enn vanleg. Derfor finn eg det best å dokumentere på biletet at korka er trygt plassert på flaska i det biletet blir tatt og vurderinga av bretten blir gjort.
Vennleg Helsing
Jostein"
Tusen takk for bidrag og betryggende opplysninger - alle bekymringmeldingsrelaterte tanker er blåst bort fra redaktørens sinn!

Ingen kommentarer: