søndag 19. juni 2011

Clarion Hotel Royal Christiania, Oslo - juni 2011

Bidragsyter beretter selv:
"Vyrde Redaktør,

Sidan dette hotellet er eit nytt bekjentskap for meg har eg sjølvsagt sjekka i arkivet i forkant for å få ein ide om kva ein kan vente av dorullbrettkvalitet, og dei loggførte observasjonane vitnar om stor variasjon i utførelsen.
Derfor er det med stor glede eg kan melde om ein flott brett frå dette hotellet denne gangen.
Legg merke til at det er lite papir att på rullen, og det må derfor ha vært utfordrande for brettaren å prestere ein såpass pen og symmetrisk brett.
Bravo, det er all grunn til optimisme med tanke på framtidige besøk.

Ein kan også nevne at hotellet har lagt ut ein flott brosjyre på nattbordet til gjestane med tittelen 'We care' og med undertittelen "Tips til hotellgjester som trenger påfyll".
Først tenkte eg at det var minibar-menyen (Stordalen er jo ein hurra-gutt), deretter tenkte eg at det var ein omfattende bruksanvisning for å skifte dorull dersom det blei tomt for papir, men så var det visst ein slags livsstil-guide i staden for ....

Vennleg Helsing
Jostein"
Tusen takk til bidragsyter for bilde og kommentar, og ikke minst fordi han fører en livsstil som innebærer dorullbrettrapportering!

Ingen kommentarer: