mandag 25. juni 2012

Over 200 bidragsyta​rar, og statistikk i det høvet

Jostein er en bidragsyter til vårt univers med mange kvaliteter! Han begynner sine epost med "Vyrde redaktør", bare det er jo nok til å få umiddelbar godhet for ham, og i tillegg til å levere bidrag med utfyllende kommentarer har han også en formidlingsevne som gjør at selv redaktøren med sin såvidt-ståkarakter i statistikk og data-analyse fra BI skjønner utgreiingene hans!


Jostein holder rede på statistikk og sånn for forumet vårt, fullstendig frivillig og uoppfordret, og selvfølgelig - veldig velkomment! Her er hans nyeste bidrag:

"Over 200 bidragsyta​rar, og statistikk i det høvet

Vyrde Redaktør,

Ved årsskiftet foreslo eg å setje i gang ulike tiltak for å oppnå 100% dorullbrettrapporteringsdekning i alle norske kommuner og i alle land i verda noko raskare enn dei anslagsvis 30 åra det vil ta med dagens progresjon. Det første forslaget var målretta rekruttering av nye bidragsytarar. Forståeleg nok er dette eit forslag som ein ikke kan setje i verk ukritisk, då ein kan risikere å generere fleire nye bidrag enn det redaktøren maktar å handtere.

No har antalet dorullbrettbidragsytarar nyleg passert 200 (meir korrekt; antal "labels" eller merkelappar for bidragsytarar har passert 200, det reelle antalet personar involvert er truleg litt høgare i og med at merkelappar som t.d. "Lillian og André" ganske sikkert involverer to bidragsytarar, og merkelappar som t.d. "Latterlig-red." og "Hansen" også muligens kan involvere fleire enn ein bidragsytar), og i den anledning har eg gjort ein liten analyse av aktiviteten til bidragsytarmassen. Ein slik analyse vil venteleg vere til hjelp med å vurdere risikoen ved å setje i verk eventuelle rekrutteringstiltak.

Dersom ein ser på antal bidragsytarar som har kome til over tid, så kan ein plotte dette som vist på figuren under. Ein ser at den sterkaste veksten i antal bidragsytarar kom hausten 2007, men at det stort sett har vært eit jevnt tilsig av nye bidragsytarar. Det er aldri godt å vite kva som utløser ein auke i vekstraten av nye bidragsytarar, men eg har prøvd å identifisere hendingar som kan ha spelt inn. Vampus, som i si tid blei kåra til Norges beste blogg i Dagbladet (sjølvsagt før dorullbrettforumet blei oppretta), posta eit innlegg om dorullbrettforumet den 5. september 2007. Dette ser ut for å ha hatt ein klar effekt på antalet bidragsytarar. Vidare har forumet fått mediedekning i fleire omgangar, sikkert mange fleire enn dei eg har fått med meg, men i alle fall i Avisa Nordland i april 2008, Rogalands Avis i mai 2009 og TV Vest i november 2010. Desse oppslaga ser ut til å ha hatt liten innverknad på vekstraten.


Dersom alle desse bidragsytarane leverer brettebidrag jevnleg vil sjølvsagt antal innlegg på forumet auke tilsvarande. Men det er stor spreiing i kor mange bidrag dei ulike bidragsytarane leverer. Figuren nedanfor viser dette tydelig. Kvart datapunkt representerer ein bidragsytar, og figuren viser antal bidrag plotta mot datoen for første bidrag for den enkelte. Der er eit knippe bidragsytarar som leverer brettebidrag i gjennomsnitt kvar 11. - 14. dag (den raude linja indikerer hyppigaste bidragsfrekvens som pr. i dag er ca. 11 dagar 7 timar og 35 minutt mellom kvart bidrag), medan dei fleste leverer bidrag noko sjeldnare. Der er også ein andel bidragsytarar som nøyer seg med eitt enkelt bidrag.
 

Når ein ser på utviklinga i antal brettebidrag på forumet, så finn ein at det har vært ein forholdsvis beskjeden auke sidan 2009, sjå figuren nedanfor. Rett nok ligg utviklinga for 2012 hittil noko høgare enn åra 2009-2011, men denne skilnaden skuldast i hovudsak ein enkelt bidragsytar som er inne i ei særs aktiv periode. Derfor er det rimelig å påstå at mengda bidrag på forumet har vært nokonlunde konstant sidan 2009, trass i at antalet bidragsytarar er dobla sidan juni 2009.


I staden for å sjå på det totale antalet bidragsytarar er det minst like relevant å sjå på antalet aktive bidragsytarar. Det er rimelig å definere "aktiv bidragsytar" som nokon som har levert dorullbrett innanfor det siste året (i løpet av siste 365 dagar). Figuren nedanfor viser definerte tidsrom attende i tid, og kor mange bidragsytarar som har levert sitt hittil siste dorullbrettbidrag innanfor desse tidsroma. Ein ser då at det er omlag halvparten av bidragsytarane, 95 stykker, som har levert brettebidrag siste året, medan det er 106 stykker som ikkje har levert brettebidrag siste året. Med andre ord så er antalet aktive bidragsytarar no omlag det same som det totale antalet bidragsytarar i mai 2009. Dette ser ut for å vere grunnen til at antal dorullbrettbidrag har vært nærmast konstant dei siste tre åra trass i at det stadig kjem til fleire bidragsytarar.



Konklusjonane frå analysen er:
1 - Omtale i populære bloggar ser ut for å ha større verknad enn tradisjonell mediedekning på rekruttering til dorullbrettforumet
2 - Det er ikkje samsvar mellom antal bidragsytarar og antal blogginnlegg.
Dette skuldast i hovudsak at mange bidragsytarar er aktive berre ein avgrensa periode, eller at dei nøyer seg mer å levere eitt enkelt bidrag.


Vennleg Helsing
Jostein"


Tusen takk! Så får oppfordringen være - spre ordet om vårt forum!

Ingen kommentarer: