tirsdag 9. august 2011

Hotel NH Eurobuildi​ng, Madrid, Spania - juli 2011

(OBS: bidrag og tekst levert 17. juli)
Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør,
Det spekulerast som kjent i om Euro-samareidet skal kollapse som følge av finanskrisa i sør-Europa. Ein får vone i det lengste at ein slik kollaps ikkje smittar over på bygningar som er kalla opp etter denne valutaeininga.
Skulle det likevel skje får ein i det minste trøste seg med ein flott dorullbrett medan ein ligg og kavar i ruinane, for NH Eurobuilding leverer som vanleg ein praktbrett.
Einaste minuset kunne vere at klistremerket har losna, dette har vært ein trend på dette hotellet heilt sidan Real Madrid tapte 5-0 for Barcelona i fjor.
Men strengt tatt er det ikkje ein minus, for på denne måten blir det lettare for gjesten å ta i bruk rullen.

Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til Jostein for bidrag og kommentar.

Ingen kommentarer: