mandag 19. juli 2010

Hotel NH Eurobuilding, Madrid, Spania - juli 2010

Det er bidragsyter sjølv som kommenterar:
"Vyrde Redaktør,

For å sjekke konsistesen i dorullbrettrutinene til hotellkjeda NH har eg denne gangen sjekka inn ved NH Eurobuidling i Madrid. Bretten ved ankomst er nok den beste registrerte innan NH-kjeda hittil, og attpåtil med klistremerke (klistremerke er eit estetisk pluss, men frå den praktiske sida eit minus når nauden er stor og ein må fikle med å rive det opp før ein kan nytte papiret ...). Med tanke på at nasjonen stod på hovudet over gullmedalje i verdsmeisterskapen i fotball kvelden før så er det faktisk ganske godt gjort å prestere ein slik flott brett på ein mandagsmorgon.
Konsistensen i bretterutinene er det heller ingenting å seie på, for ved førre vitjing i Madrid, då på eit anna NH-hotell , var også praksisen den at det ikkje blei laga ny brett til neste dag (her må eg innrømme at tilstanden den 13/7 ikkje blei registrert, så det kviler ei lita uvisse over dette postulatet). Så, pluss for fin brett ved ankomst, men eit lite minus for manglandeoppfølgingsbrett.

Vennleg Helsing
Jostein"

Takk til bidragsyter Jostein for bilder og kommentar. Vi tilgir Spania glippen ved manglende oppfølgingsbrett, redaktøren hadde også gleden av å være i Spania under fotball-VM, og den sanne fotballglede og patriotisme som ble også oss gjester til del bør gi dem en viss slark.

Ingen kommentarer: