lørdag 14. november 2009

Radisson BLU Airport Hotel, Ullensaker - november 2009

Bidragsyter kommenterer:
"Vyrde Redaktør,
Dette flyplasshotellet skuffar ikkje, det skulle ellers berre mangle sidan dei truleg er den fremste eksponenten for hotellstandard for reisande inn og ut av landet.
To flotte brett her, den bakerste er nok hakket kvassare enn den fremste, men det er ingen problem med å godkjenne begge. (Skulle forresten ynskje at standarden på frokosten kunne hevast til same nivå som dorullbrettinga).
Atmosfæra ved hotellet synest forøvrig å vere ekstra god i kveld, dette skuldast nok i hovudsak ein kontingent med Sunnmøringar som er lettare oppstemt over resultatet i cupfinalen.

Vennleg Helsing
Jostein"

Takk til Jostein for bidrag!

Ingen kommentarer: