fredag 8. juli 2016

First Hotel Raftevold, Grodås, Hornindal - juli 2016

"Vyrde Redaktør,
 Avslutninga på Nordfjord-turneen min vart ein gedigen nedtur, i det minste når det gjeld dorullkvalitetssjekken. Dette hotellet er kanskje det ein burde vente mest av av dei overnattingsstadane eg har vitja siste veka, men her har dei gløymt det viktigaste. Hotelleigaren har forøvrig lagt att ei hyggeleg melding på romet mitt, der det mellom anna heiter
'… mitt team og jeg skal gjøre vårt beste for at oppholdet blir helt unikt hos oss ..'
og det har dei for så vidt klart, men at dei som einaste overnattingsstaden i Nordfjord er utan dorullbrett er ikkje heilt rett framgangsmåte. Prøv med noko anna i staden.
Nei, no er det på tide å reise heim.
Vennleg Helsing
Jostein"
God tur hjem  - og takk for nok et bidrag, samt en ny kommune inn i universet vårt!

Ingen kommentarer: