søndag 2. august 2015

Hotell Bondeheimen, Oslo - juli 2015

"Vyrde Redaktør,
Hotellet har i følge sine eigne nettsider alltid vært ein overnattingsstad for folk frå distrikta. Hadde det ikkje vært for at dette hotellet har ein nær prikkfri brettehistorikk, ville eg ha kome i tankar om at den manglande bretten er tufta på forestillingar om at bønder og øvrige bygdefolk ikkje veit å setje pris på detaljar som kjenneteikner eit sivilisert liv, og der dorullbretten kanskje er det fremste av desse detaljane. Med solid bakgrunn i bygdenorge, og som støttemedlem i Norsk Sau og Geit, kan eg på det mest bestemte tilbakevise ein slik tankegang. Men inntil vidare vel eg å tru at den manglande bretten denne gangen var ein glipp, og ikkje eit tekn på sviktande tru på den gode smaken i distrikta.
Vennleg Helsing
Jostein"
Kanskje en glipp, eller kanskje romvesenet er av byslag, og ikke vant til å gjøre en ekstra arbeidsinnsats utover det høyst nødvendige?
Takk til bidragsyter Jostein.

Ingen kommentarer: