mandag 27. juli 2015

Viken Hotell, Dillingøy, Moss - juli 2015

"Vyrde redaktør,
Hotellet ligg i praktfulle omgjevnadar, beint fram ei perle. Då er det litt synd at det er laga til fellesbad på leiligheitsdelen av hotellet. På ein måte kan det jo vere triveleg å bli kjend med naboane på dei andre roma, men do- og dusjærend er ikkje den beste settinga for mingling med framande. Og når hotellet i  tillegg i det ellers trivelege og reinslege bademiljøet har installert dorullhaldarar der det er tilnærma umogleg å lage brett på dopapiret, så mister dei også sjansen til å mildne fadesen ved å varte opp med ein dorullbrett etter reinhaldet. Men alt det andre var bra, det skal dei ha.
Vennleg Helsing
Jostein"

Felles toalett er en straff, slik er det med den saken!
Takk til bidragsyter Jostein.

Ingen kommentarer: